Fond
Dersom det vert nokon kroner til overs etter at dei faste utgiftene er betalt, kan det vere lurt å spare nokon av desse. Sparepengane kan du fordela både i bank og i fond, og den delen av sparinga som skal vere langsiktig kan vere gunstig å plassera i fond.
Aksjefond er den mest benytta fondstypen i Norge, og egnar seg spesielt godt til langsiktig sparing. Dette fordi at aksjemarknadane kan svinga både opp og ned, det vil og verdien på aksjefonda dine gjere. Men over tid vil kursrisikoen jevnast ut og avkastinga har historisk vist seg betre enn banksparing.
Kven passar fond for?
Alle kan spare i fond. Uansett alder og inntekt vil det vere fond som er tilpassa din livssituasjon. Det som er viktig er å tenkje igjennom formålet med sparinga. Skal du spara til alderdommen, eller er dette pengar som skal brukast om 5 år. Ved å kartleggja tidshorisonten for sparinga kan me finna fram til det fondet som egnar seg best for akkurat deg.
Månadleg spareavtale
Ved å inngå ein månadleg spareavtale vil du få ein jamn vekst på sparinga di. Du treng ikkje tenkje på om kursen er høg eller låg, fordi månadleg sparing jamnar ut denne forskjellen og gjer risikoen mindre. Minstebeløp for sparing er kr. 250,- i månaden og det kostar ingenting å sette inn eller ta ut pengane.
Vekselbanken har inngått samarbeidsavtale med Skagen Fondene og kan tilby tre aksjefond og fire rentefond. Ta gjerne kontakt med oss for ein prat om sparing og plassering.

