Fleksilån
Eit lån som gjev deg auka handlefridom til å kjøpa det du har lyst på.
Du bestemmer sjølv:
Har du ledig trygd innanfor 60% av godkjend verdi på eigen bustad og ynskjer å ”vera din eigen finansminister”? Treng du pengar til ny terasse, nytt kjøkken, ny ”makeover”, ny bil, båt, bubil, motorsykkel eller noko anna? På grunnlag av normal kredittvurdering vert du innvilga ein kreditt der du sjølv styrer kor mykje du vil bruka.
Kva er Fleksilån:
Fleksilån er eit fleksibelt alternativ til eit ordinært bustadlån for deg som kan stilla god trygd. Fleksilånet fungerer som ein kreditt, men til same gunstige rente som for 1. prioritet bustadlån. Du tek ut eller set inn pengar på Fleksilånet når du sjølv ynskjer det. Rentene reknar vi månadleg av den summen du til ei kvar tid brukar, og legg på lånesaldoen. Du bestemmer sjølv kor mykje og korleis Fleksilånet skal nedbetalast.
Døme:
Som eit døme tenkjer vi at du har eit godkjend verdigrunnlag på bustaden din på
kr 2.000.000,- Du vil då kunna få tildelt eit Fleksilån på kr 1.200.000,-. Er det eksisterande bustadlånet ditt kr 900.000,-, vil du fritt kunna disponera differansen på kr 300.000,-.
Bruk gjerne NettBanken:
Fleksilånet disponerer du sjølv i din eigen NettBank, der du kan overføra pengar til eigen brukskonto, eller betala rekningar direkte frå lånekontoen.
Fordeler med Fleksilån:
- Du har pengar tilgjengeleg når du treng det.
- Du avgjer sjølv når og kor mykje du vil bruka av kreditten.
- Du treng ikkje søkja på nytt kvar gong du treng finansiering.
- Du disponerer pengane i din eigen Nettbank.
- Du betalar kun rente på den summen du nyttar.
- Du bestemmer nedbetaling sjølv, til dømes med ei fast månadleg overføring.
Vilkår:
- Rente som for 1. prioritet bustadlån innanfor 60% av godkjend verdivurdering.
- Månadleg kapitalisering av rente.
- Månadsgebyr kr 60,00.
Kom innom for ein prat:
Er Fleksilån noko for deg? Vi er her for deg! Kom gjerne innom for ein prat med ein av våre Autoriserte Finansielle Rådgjevarar, ring oss, eller send oss ein mail, så tek vi kontakt med deg.
