Uføreforsikring

Forsikring på huset ditt eller bilen din er noko du sjølvsagt har. Tenkjer du over det, ville det vera minst like naturleg å forsikre deg sjølv og familien din. Risikoen for å verta ufør er mykje høgare, enn at huset ditt brenn.

Å verta arbeidsufør kan få store økonomiske vanskar. Dei fleste opplever at inntekta vert halvert. Folketrygda dekker ikkje full lønn, så med ei god uføreforsikring, kan ein dekke opp dette inntektstapet.

Me tilbyr to forskjellige produkt som gir utbetaling ved uføre:

Uførerente/pensjon

  • Forsikringa kan kjøpast frå 15 til 60 år.
  • Maksimun 4 G. (G= Grunnbeløp i folketrygda)
  • Skatt på 20% av forsikringssum (alminneleg inntektskatt)
  • Forsikringa varer ut det kalenderåret den forsikra fyller 67 år.

Forsikringa gjev ei månadleg utbetaling så lenge ein er sjukmeldt med 50 prosent eller meir. Sjølv om ein er 50 prosent sjukmeldt, har ein rett til full utbetaling etter 12 mnd.

UførePluss

  • Forsikringa kan kjøpast frå 15 til 58 år.
  • Minste forsikringsum er kr 100.000,-
  • Utbetalinga er skattefri.

Uføregraden må vere 50 prosent eller meir, og den må ha vart i 2 år samanhengande. Ein kan få forskot allereie etter eit år, dersom ein har vore minst 50 prosent samanhengande sjukmedt.
Då vert 1 prosent av forsikringssummen utbetalt pr. mnd. utbetalinga stoppar når heile forsikringssummen er utbetalt.
 



Skriv ut

 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss