MobilBank
No kan du få NettBanken på mobiltelefonen din - Vb MobilBank
MobilBank brukar tilsvarande tryggleik-system som NettBanken.
Dette får du tilgang til på mobiltelefonen:
- Godkjenna eFaktura
- Betala rekningar
- Overføre mellom eigne konti
- Sjå på forfallsmappa – starta/stoppa/sletta transaksjonar
- Sperre Visakort
- Kontoinformasjon
- Mottakaregister
I NettBanken din kan du sjølv gjera endringar over kva tenester og konti du vil ha tilgang til i Vb MobilBanken.
Krav til mobiltelefon:
- MobilBank fungerar på alle mobiltelefonar med tilgang til mobilt internett og støtte for WAP 2.0. Det vil i praksis sei alle mobiltelefonar i dagens marknad. MobilBanken fungerer også via WLAN som er trådlaust nettverk.
- Sjekk med nettleverandør/telefonleverandør om du er i tvil.
Kva må du gjera for å få tilgang til Vb MobilBank:
- Du må ha NettBank- og TeleBank-avtale hjå oss
- I NettBanken inngår du avtale om Vb MobilBank og definerer mobiltelefonnummeret som skal nyttast
- Du får automatisk tilsendt ”bokmerke” (url/link) til mobiltelefonen og tenesta er klar for bruk (Url-adressa kan også leggjast manuelt inn på telefonen)
- Pålogging skjer ved hjelp av telebankkode. Hugsar du ikkje denne kan du tinga ny kode – og endre denne i NettBanken.
- Beløpsgrensa er den same som TeleBanken har.
Litt info om dei enkelte funksjonane:
- Mottakerregister
MobilBanken har felles mottakerregister med NettBanken. Mottakarregisteret i MobilBanken har plass til 20 mottakarar. Du administrerer sjølv frå NettBanken kva mottakarar du vil ha tilgjengeleg i Mobilbanken.
- Betaling med KID eller melding
Du kan betala rekning med KID eller melding. Er mottakaren definert i mottakarregisteret kan du henta kunden der frå nedtrekksliste, eller du tastar inn kontonummeret. Etter at transaksjonen er registrert får du opp bekreftelsesbilde. I MobilBanken nyttar du sikkerheitskortet før du startar på registrering av transaksjonen.
- Forfallsmappe
Her kan du sjå på transaksjonar som ligg til forfall. Du kan endra/stoppa/sletta transaksjonar slik som i NettBanken. Før du gjer endringar i forfallsmappa må du autentisiera seg med sikkerheitskortet.
- Kontoinformasjon
Gjev tilgang til
· Kontooversikt
· Siste bevegelsar – 20 siste transaksjonane
· Transaksjonsdetaljar
- eFaktura
Du kan godkjenna/endra eFaktura. Ein får ikkje tilgang til fakturagrunnlaget.
- Sperring av kort
Du kan sperra Visakortet ditt dersom du er uheldig og misser dette. Kortet vert sperra med ein gong og melding vert automatisk sendt til banken.
Produktark i PDF format kan du lasta ned her.
Ynskjer du ytterlegare informasjon ta kontakt med oss på post@vekselbanken.no,
eller telefon 56523500.
