BankAxess

BankAxess er ei ny betalingsteneste for bruk ved handel på Internett. Med BankAxess kan du handla i norske nettbutikkar utan å gje frå deg kortopplysningar.

Med BankAxess betaler du for varer rett frå din konto når du handlar på internett, på same måte som når du handlar i vanlege butikkar.


Når du betaler med BankAxess, legitimerer du deg og godkjenner betalinga med BankID. BankID vert nytta for å identifisere partane og sikrar at datautveksling mellom seljar og kjøpar ikkje inneheld sensitiv informasjon. BankAxess er eit alternativ til betaling med kredittkort, faktura eller oppkrav.

Etter kvart vil BankAxess også kunne brukast i samband med andre former for fjernhandel, til dømes via mobiltelefon og digital-TV. 

 

Alt du treng for å koma i gang er BankID og ei eiga BankAxess-avtale med banken din.
 

 

BankAxess opprettar du enkelt i NettBanken. 

  • Logg deg på NettBanken
  • Velg - deretter BankID - ei tinging i 4 steg

Sikkert og enkelt å ta i bruk

  • Bruk din BankID til å signera avtalen elektronisk
  • Tenesta kan du bruka både for kjøp der du skal betala med ein gong og for kjøp der betalinga skjer når vara vert sendt frå nettbutikken
  • Du slepp å oppgje kortnummer og kontoinformasjon ved kjøp
  • BankAxess gjev god oversikt – kontoen din vert belasta direkte og du ser alle betalingar i nettbanken
  • Du må ha dekning på kontoen for å betala og unngår dermed gjeld eller kreditt ved kjøp 
  • Du identifiserer deg med BankID og gjennomfører ei sikker betaling

Ver varsam på internett

  • Alle nettbutikkar som nyttar BankAxess skal bruka korrekt logo eller merkenamnet BankAxess på sine nettsider
  • Det er ein god regel å bruka nettbutikkar du kjenner, har fått anbefalt eller som virkar seriøse
  • Les gjennom avtaler og vilkår før du handlar
  • Ta vare på bekreftelsen på kjøpet ditt og kontrollér denne mot kontoutskrifta di
  • Ta umiddelbart kontakt med oss dersom du finn uregelmessigheiter på din konto

BankAxess si heimeside finn du ytterlegare informasjon,

 



Skriv ut

 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss