E - Faktura

Med eFaktura får du rekningane dine ferdig utfylt rett i NettBanken. Det einaste du treng å gjera er å klikka OK når du vil betala. 

Det betyr at du ikkje får fleire rekningar i posten, og at du slepp å tasta lange KID- og kontonummer.

Gode grunnar for å bestilla eFaktura:

  • Meir oversiktleg.

I god tid før forfall får du tilsendt rekninga i NettBanken din. Dersom du ynskjer det, kan du bli varsla på e-post når fakturaen blir sendt (bør gjerast). I NettBanken vil du enkelt kunne sjekka kva som ligg til forfall, og klikka deg vidare for å få fram bilde av heile rekninga med all betalingsinformasjon.

  • Enklare betaling.
    Du betaler rett og slett ved å klikka OK, utan å tasta lange KID- og kontonummer. Du kan også få tilsendt rekninga som eFaktura, sjølv om du betaler med AvtaleGiro.
  • Betre kontroll.
    I NettBanken vil du som vanleg kunne endre forfallsdato – sum og evt belastningskonto på rekningar som ligg til forfall.

Alle rekningane som kjem som eFaktura vert lagra i eFaktura-arkiv i NettBanken – her kan du når som helst gå inn for å sjå / hente ut fakturaopplysningar. Sjå Arkiv – eFaktura-arkiv.

 



Skriv ut

 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss