Vossabedrifter - Evanger Spekjemat AS
Han har drive med grossistverksemd frå han tok av seg russehua. I dag står Frode Horvik som ein av tre eigarar i ny, fin butikk og kafé i Uttrågata og tilbyr deg alt frå ferske rundstykke og lappar, til einerrøykt aure frå Stamnes, eplemost frå Urnes gard og kjøt frå Selheim.
Det heile starta gjennom Generasjonsmat Evanger AS som er distribusjonsselskapet til Evanger Pølsefabrikk AS. Dei ville lage sin eigen utsalsstad for produkta sine, og i 2006 starta Generasjonsmat Evanger AS opp Evanger Spekjemat i Vangsgata 14. Butikken i Vangsgata vart offisielt opna av ordførar, og produkta frå Evanger fekk sjølvsagt ein sentral plass i butikken. Men folk fant fort ut at denne butikken hadde meir enn berre pølser. Her kunne småskala produsentar få ein utsalsstad for sine produkt som dei ikkje hadde hatt før. Og dette er sentralt i forretningskonseptet som Evanger Spekjemat er tufta på. Eit distribusjonsnett og ein utsalsstad for dei små lokale produsentane, som gjer det mogeleg å nå ut til kundane med sine unike, småskala produserte produkt. I dag har me ca. 30 ulike småskala produsentar representert i butikken, og det ser ikkje ut til å verta mindre i framtida, seier Frode.
Butikken hadde ambisjonar, og voks seg sakte men sikkert ut av lokala i Vangsgata. Det var eit ynskje om å kunne produsere fleire eigne produkt, samtidig som behovet for både større kjølekapasitet og butikk var påtrengjande. Lokala i Uttrågata viste seg å vere ideelle for den type aktivitet. Her har det i tidlegare tider vore bl.a bakeri, så når Evanger Spekjemat den 24. mars 2010 opna ny butikk med kafe og blant anna utsal frå Hjelle Bakeri, var det mange eldre som smilte godt.
Butikken har i dag 3 tilsette og omset for ca 2,3 millionar. Me er veldig spente på korleis den nye butikken skal utvikle seg, seier Frode. Og fortel om gode tilbakemeldingar frå kundar etter opninga i mars. Kafeèn var ein draum me hadde, og me er godt nøgde med det me har fått til. Her kan kundar setje seg ned med ein kopp kaffi med noko godt attåt.
Det manglar ikkje på planar for framtida. Cateringverksemda er allereie godt i gang, og med mest mogeleg bruk av lokale råvarer, skil tilbodet seg kanskje litt ut. Bruk av lokale råvarer går igjen i heile vår verksemd, seier Frode. Han ser for seg at med ein stor kjølekapasitet på plass, vil butikken vere i stand til å ta imot vilt frå Vossaområdet, som etter godkjenning frå Mattilsynet kan nyttast til produksjon av ulike produkt til sals i butikken.
Bedrifta framstår som eit spennande tilskot i tilbodet av butikkar på Vangen. Ta deg ein kikk innom så forstår du kvifor.




