Spar i aksjefond

Me har lagt bak oss eit år med historisk oppgang på dei ulike børsane. Dette gjev auka avkastning for deg som sparer i aksjefond.

Har du ikkje byrgja enno? Det er aldri for seint å starta.

Ved å inngå ei månadleg spareavtale vil du få ein jamn vekst på sparinga di. Minstebeløpet for sparing er kr. 250,- i månaden, og det kostar ingenting å setje inn eller ta ut pengar.

Avkastninga i aksjefond vert styrt av oppgang og nedgang i aksjeverdien på dei selskapa som aksjefondet har investert i. Dette varierer sjølvsagt, slik me har sett no under finanskrisa. Difor er det viktig å ha ein tidshorisont på sparing i aksjefond som ikkje er for kort. Det har vist seg at over tid vil sparing i aksjefond kunna oppnå ei høgare avkastning enn det banksparing gjev.

Vekselbanken har samarbeidsavtale med Skagen Fondene, og kan tilby dei tre aksjefonda Skagen Vekst, Skagen Global og Skagen Kon Tiki. Skagen Fondene har over tid levert god avkastning til sine kundar, og har oppnådd god rating hjå internasjonale kredittratingbyrå.

Noko å tenkje på?

Med utgangspunkt i din livssituasjon og tidshorisont for sparing finn me fram til den beste løysinga for deg. Ta kontakt med oss for ein prat om sparing og plassering.



Skriv ut

 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss