BankID i Vekselbanken
Som ein lekk i at vi innfører BankID skal vi skifta ut alle sikkerheitskort til NettBanken med ei ny databrikke som heiter GO3.
Vi må ta utskiftinga puljevis for å få ein smidig overgang, så vi tek kontakt når GO3-brikka er klar til henting / sending.
Dersom det hastar med å få BankID – dette gjeld spesielt dersom du har MasterCard Gold og skal sjekke saldo m.m – ta kontakt med oss.
Styresmaktene har innført svært strenge sikkerheitskrav i samband med utskifting til desse databrikkene – nettopp på grunn av at ein – når ein har fått GO3-brikke – kan søkja om BankID i NettBanken.
På grunn av den strenge sikkerheita er det sett som krav at banken skal innhente kopi av pass når vi utleverer / sender GO3-brikker.
BankID kan ein bruka, i tillegg til pålogging i NettBanken, til identifisering og signering i samband med elektroniske sendingar, avtaleinngåing og anna form for nettbasert elektronisk kommunikasjon.
Sjå www.bankid.no - her finn du mykje nyttig informasjon om BankID.
