Visa / MasterCard kortnummer på avvegar i Spania
Bankane i Noreg har fått melding frå Visa og MasterCard om at kortnummer som er brukt i Spania i år kan vera komne på avvegar. Også våre kundar er råka av dette.
Banken har fått oversikt over aktuelle kort. Pr. i dag kan vi ikkje sjå at nokon av korta er misbrukt, men for å vera føre var ynskjer vi å sperra dei aktuelle korta og gje deg som kunde nytt kort. Vi er i arbeid med dette og tek direkte kontakt med dei kundane det gjeld.
Har du vore i Spania i år og ikkje skal utanlands i nær framtid vil vi råda deg til å sperra kortet for bruk utanom Noreg. Dette gjer du sjølv i NettBanken. Har du ikkje NettBank ta kontakt med oss, eller vår døgnopne sperreteneste på telefon (+47) 75 12 84 43.
