Statusrapport frå brakkeriggen
Vekselbanken er midt i ombygginga av 2. etasje, og grunna plassmangel har me fått satt opp ein brakkerigg i bakgården som husar sentralbordtenesta i tillegg til intern drift og leiing.
Kva som skjer her inne i brakkeriggen?
Det er torsdag formiddag og me tek med oss fotoapparatet og listar oss inn i fyrste etasje på brakkeriggen. Me ynskjer å høyre korleis det er å jobbe her, og ikkje minst kva kundane våre meiner.
”Me gler oss til å koma i nye og fine lokale. Og me saknar kundane våre” seier Gudny Haugo.
Men innrømmer villig at dei har det fint i brakkeriggen og har like mykje å gjere på som før, om ikkje meir. ”Det vert litt meir springing mellom bygga, men det går fint” seier ho.
”Kundane våre merkar lite til oppussinga” seier Else Marie Fretheim. ”Dei får same gode service som før, både på telefon og oppgåver som skal utførast”. Alle lønningar som går ut vert ført her, det same gjeld føring av giroar, bestilling av betalingskort og post som går inn og ut. Og så sentralbordet. Telefonen ringjer i eitt, dei er travelt opptatt, så me listar oss ut igjen etter eit lite besøk i brakkeriggen.
