Pressemelding etter generalforsamling
Den 14. april 2010 vart det halde generalforsamling i Voss Veksel- og Landmandsbank ASA
Rekneskapen for 2009 vart godkjent, og kr 50,- i utbyttet vert utbetalt til dei aksjonærane som er registrert pr. 14. april i år, med berekna utbetalingsdato 29. april 2010.
Banken sine aksjar vert notert eksklusiv utbytte frå og med 15. april 2010.
Ole Erik Almenningen, Kjell Ove Baartvedt, Magne Røynstrand, Aud Eide, Egil Mørkve og Stein Kvarekvål vart valde som medlemer til representantskapet for 2 år.
Som varamedlemer for 2 år til representantskapet i prioritert rekkefylgje vart vald Kathrine Løno Lahlum, Aud Almenningen, Bjarne Fosse, Solveig Stråtveit Gravning, Eli Bjørke Hellerslien og Kjell Arne Lid.
Gunnar Skeie, Kjell Ove Baartvedt og Kari Sætren Bondevik vart valde som medlemer i kontrollnemnda for 2 år.
Som varamedlemer til kontrollnemnda for 2 år i prioritert rekkefylgje vart vald Steinar Tveit og Bjarne Fosse.
Som valnemnd til generalforsamling i 2011 vart vald Astrid Kløve-Graue, Arne Kjell Skeie og Anders Ullestad.
Generalforsamlinga vedtok fullmakt til opptak av ansvarleg lån / fondsobligasjon og fullmakt til kjøp av eigne aksjar i samsvar med framlegg frå styret og representantskapet. Styret sitt framlegg til nye honorarsatsar for representantskapet sine medlemer vart godkjend.
Voss, den 15. april 2010
Jan Arveschoug
Banksjef
