Godkjenner ikkje aksjekjøpet til Sparebanken Vest
Banken har vorte informert om at Sparebanken Vest har kjøpt 7.751 aksjar i Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, og difor pr 22.10.09 eig om lag 18,2% av aksjekapitalen i banken, noko som er i strid med banken sine vedtekter.
Styret i banken hadde 24. oktober møte der saken vart grundig drøfta, og fylgjande vedtak vart fatta:
”Styret er informert om at Sparebanken Vest har kjøpt aksjar utover 10% av banken sin aksjekapital.
I fylgje § 2-2 i banken sine vedtekter kan ”ingen eiga meir enn 10% av aksjekapitalen i banken”.
Styret kan difor ikkje godkjenna kjøp av aksjar utover vilkåra i vedtektene, og ber Sparebanken Vest avhenda aksjar utover vilkåra i vedtektene.”
Voss, 26. oktober 2009
Voss Veksel- og Landmandsbank ASA
Jorunn Lødemel
Styreformann
