2. etasje er ferdig - og me har flytta inn igjen
Lys, fin og triveleg framstår no 2. etasje etter omvøla.
Tek du deg ein tur opp trappa til 2. etasje, vil du sjå at mykje er endra. Skranken er flytta midt i rommet, medan det langs vindaugsrekka mot Gamlemeieriet er komne kontor. Og med både ny innreiing og nye gardiner framstår etasjen i ny drakt.
Alle funksjonane som var her før, er fortsatt lokalisert i 2. etasje, dog ikkje så synleg som før. Me har fått eit stort ”backoffice kontor” der sentralbord, post, giro-føring og avstemming er samla. Fungerande banksjef Einar Larsen har òg fått nytt kontor, du finn han rett inn til høgre når du kjem opp trappa.
Me har hatt ein fantastisk arbeidsgjeng som verkeleg har stått på for å verte ferdig i tide, og som har gjort eit flott arbeid. Ta deg tid til å kome opp og sjå!
