Omvøla i banken

Som mange alt har merka er me i full gang med omvøla i banken.

Denne gongen er det 2. høgda som står for tur. Ventilasjonsanlegget må moderniserast slik at de som kundar og alle våre medarbeidarar får betre inneklima. Samstundes trengde kontora i 2. høgda ein real runde. Her er det omlag 25 år sidan sist vi pussa opp.

Me har denne gongen valgt å flytta medarbeidarane ut av 2. høgda, slik at arbeidsfolka kan få halda uforstyrra på. Difor finn du fleire av oss i brakkeriggen på baksida i arbeidsperioden.

Me vonar dette ikkje vert til for stor ulempe for deg som kunde. Me gler oss alle til å flytta inn i nye lyse og trivelege kontor før julestria set inn.
 



Skriv ut

 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss