Arrangørbygda Voss!

I løpet av to veker er Voss vertskap for ikkje mindre enn fire store arrangement. Dette vil for alvor stadfeste Voss sin posisjon i festivalnorge, og Vossabygda har eit unikt høve til å marknadsføre seg frå si beste side.

Det startar med Voss Cup 18.06 – 20.06, som tel bort i mot 7.000 fotballutøvarar i alderen 6 til 12 år. Landskappleiken i perioden 23.06 – 27.06 samlar omlag 1.200 utøvarar innan dans, vokal og spel. Same tal utøvarar reknar Ekstremsportveko med inntek Voss i tida 27.06 til 04.07 for å konkurrera i ulike disiplinar. Sist men ikkje minst vert NM i motbakkeløp arrangert i traseen ”Lønahorgi opp” den 03.07. Her reknar ein samla med over 400 utøvarar i konkurranse- og trimklasse. I tillegg til aktive kjem store mengder tilskodarar til bygda.

Alt dette krev stor innsats av frivillige. Fleire tusen entusiastar er med på eit kjempelyft. Me ynskjer alle lukke til og vonar arrangørar, korpset av frivillige, utøvarar og tilskodarar får gode, spennande og minnerike opplevingar.

Nyttige linkar til ovannemnde aktivitetar er:
Voss Cup: www.vosscup.no / www.fbkvoss.no
Landskappleiken: www.landskappleiken.no
Ekstremsportveko: www.ekstremsportveko.com
NM i motbakkeløp: www.vossoppturar.no


 



Skriv ut

 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss