50-øringen opphøyrer som betalingsmiddel
Den 1. mai 2012 opphøyrer 50-øringen å vera betalingsmiddel. Det medfører at ein ikkje kan bruka denne mynten ved kontant betaling etter denne dato.
Det er Noregs Bank som har vedteke dette. Dersom du har mange 50-øringar og ikkje vil behalde desse, bør du bruke dei ved betaling eller veksle dei inn i banken innan 1. mai 2012.
Tilbaketrekkinga av 50-øringen medfører at oppgjer i kontantar skal etter denne dato avrundast til næraste heile krone.
Les meir på Noregs Bank si nettside
