Regionsperre på kort
For å styrka sikkerheiten ytterlegare og redusera mogelegheita for kortsvindel kan du no sperra Visa-kortet ditt for bruk i dei deler av verda du ikkje oppheld deg. Du melder sjølv inn/ut sperringar i nettbanken din.
Regionsperre kort
Som kunde i Vekselbanken kan du no sperra Visa-kortet ditt geografisk med regionsperre. Du bestemmer sjølv om du vil nytte deg av dette og tenesta er gratis. Du administrerer regionsperra i nettbanken din ved å krysse av for om ein region skal vere gyldig/ikkje gyldig. Du kan også verta varsla på mobiltelefonen dersom kortet vert prøvd nytta i regionar du har sperra for.
Tiltak for å stoppe kortsvindel.
Me ynskjer at våre kort skal kunne brukast overalt sjølv om det aukar risikoen for kortsvindel. Regionsperre er difor eit viktig steg for å løysa konflikta mellom det å vera brukarvenleg og det å verta utsett for kortsvindel.
Europa og Afrika har innført reglar som gjer at chip vert meir og meir vanleg. I andre regionar (USA) finns det ikkje chip-terminalar i det heile tatt. Kortsvindlarar kjenner til dette og flytter derfor misbruket til land der chip-terminal ikkje er så vanleg. Eit kort kan vera kopiert i Europa, mens svindelen skjer heilt andre stader i verda.
Dersom du t.d. ikkje har tenkt deg til USA eller Afrika i næraste framtid, så treng ikkje kortet ditt vera ope for bruk i desse landa, men låsast med regionsperre.
Då hjelper du til med å redusere faren for kortsvindel.
Regionsperre gjeld ikkje ved netthandel, kun ved bruk i minibankar og betalingsterminalar.
Tips for å unngå svindel:
- Ikkje noter PIN-koden, og unngå å ”kamuflera” koden i notatbøker o.l.
- Skjul inntasting av PIN-kode
- PIN-kode skal kun brukast i minibank og betalingsterminal, aldri på internett eller via e-post
- Ikkje slepp kortet av syne
- Viss du har problem ved minibank-uttak må du aldri ta imot hjelp frå ukjente
- Sjekke rekninga før du signerer
- Oppbevare ein kopi av rekninga for seinare kontroll.
- Reklamer så snart som råd dersom kontoen er feil belasta.
- Sperr mista/stole kort så fort som råd.
- Bruk regionsperre og sperr kort for bruk i delar av verda som du ikkje oppheld deg i
- Ta kontakt med banken dersom du oppdagar ukjente transaksjonar.
Fakta
- Du administrerer regionsperre i nettbanken.
- Du kan også oppheve/endre regionsperra ved å ringja oss eller vår døgnopne
sperretenestepå telefon:+47 75 12 84 43 - Regionsperre gjeld ikkje ved netthandel, kun ved bruk i minibankar og betalingsterminalar.
