Spørsmål og svar om MobilBank

Korleis tingar eg MobilBank?
Du må ha NettBank- og TeleBank-avtale med banken. Du tingar MobilBank i NettBanken din, tinging i 3 trinn.
Har du gløymt koden til TeleBanken kan du tinga ny i NettBanken under MobilBank, og endra denne til din eigen.
Du kan endra innstillingane til MobilBanken når du måtte ynskja – under same linken i NettBanken.

Korleis loggar eg meg på MobilBanken min?
Du hentar opp linken til MobilBanken på telefonen din, tastar inn fødselsnummeret ditt som brukarnamn og 4-sifra kode som på TeleBanken.
Dersom du skal betala rekningar vert du beden om sikkerheitskode før du legg inn betalinga.

Korleis lagrar eg bokmerke til MobilBanken?
Hent fram sms-meldinga med lenka til MobilBank frå innboksen. På nokre telefonar legg meldinga seg inn automatisk. Brukarrettleiinga til telefonen viser korleis dette er for din telefon. Har du sletta meldinga kan du tinga nytt bokmerke/link i NettBanken din.
For å få tilsendt bokmerke til iPhone eller android-telefon, send SMS-melding med teksten MOBILBANK 9581 til 26100
 

Kva krav er det til min mobil?
Du må ha sett opp mobilen din med WAP 2.0. Er ikkje mobilen din sett opp med WAP 2.0, tek du kontakt med telefonoperatøren din (Telenor, Netcom, Chess osv.). Dersom din mobil er sett opp frå leverandøren og du likevel har problem med å koma inn på MobilBanken, anbefaler vi at du tingar deg WAP-oppsett på nytt.

Kva telefonar fungerer tenesta for?
MobilBanken fungerer på dei fleste telefonar av nyare dato som støttar WAP 2.0. Brukargrensesnittet vil variera på ulike telefonar, og enkelte telefonar fungerer mindre bra på internett. Desse vil i varierande grad ha problem med å få opp MobilBanken, og anna innhald ein får til mobilen. Dette skuldast at teknologien er umoden og at det ikkje finst standardar i markedet, slik som er vanleg for internett.

Kan brukargrensesnittet variera med ulike mobiltelefonar?
Skjermbilda kan variera frå mobil til mobil. På nokre mobiltelefonar kan ein endra innstillingar på nettlesaren, blant anna skriftstorleik. På nokre telefonar må du trykkja fram talmodus for å koma i gang.

Eg brukar MobilBank SMS – kva er ulikt på denne tenesta og den nye MobilBanken?
MobilBank SMS er ei teneste der du sender sms til banken og får svar tilbake på sms. Her kan du få saldo, overføra pengar og sjå på forfallsregister, og dessutan tinga varsling på sms (i NettBanken). MobilBanken er ein miniversjon av NettBanken der du loggar deg inn (med brukarnamn, kode), utfører dei tenestene du ynskjer og loggar deg ut att når du er ferdig.

Eg får ikkje opp framsida på MobilBank. Kva gjer eg?
Får du ikkje opp framsida på MobilBanken med bokmerket du fekk frå oss, må du ta kontakt med teleoperatøren din og høyra om ditt WAP-oppsett er korrekt. Prøv t.d. lenka http://mobil.vg.no for å sjekka om du får opp WAP 2.0-sider på din mobil.

Eg får meldinga ”Dataene du sender blir videresendt”. Kva gjer eg?
Får du meldinga ”Dataene du sender blir videresendt til en annen server – Fortsette?” er denne meldinga heilt ufarleg. Du må akseptera meldinga for å få tilgang til MobilBanken. Antal gonger meldinga kjem opp avheng av kva type telefon du brukar. Meldinga kjem ikkje etter at du er logga inn.

Kvifor kjem det fram bokstavar i felt der det skal vera tal?
I enkelte felt der du skal legge inn tal kjem det bokstavar. På enkelte telefonar må du velja talmodus for å få fram tal i felta.

Kva tyder meldinga ”Tømme buffer” ?
Meldinga ”Tømme buffer?” kjem etter at du har surfa på sikre sider som til dømes MobilBanken. Svar ja på spørsmålet. Då slettar du nettlesaren sitt minne om kvar den har vore. Ikkje alle mobiltelefonane har automatikk på dette, då kan ein evnt. sletta dette sjølv.

Kvifor opplever eg at tenesta kan gå sakte?
Dersom du opplever at tenesta går sakte, skuldast ikkje det nødvendigvis mobilbanktenesta. Det kan like gjerne skuldast det mobile nettet.

Kan eg bruka MobilBank i utlandet?
Ja, dersom du har mobildekning kan du bruke tenesta. Ver merksam på at du i utlandet vert belasta lokale teljarskritt. Det kan derfor vera lurt å sjekke prisar på førehand hjå dei lokale operatørane.

Kva kostar det å bruke MobilBanken?
MobilBank i Vekselbanken er gratis.  Du betalar kun datakostnader til din teleoperatør. Sjekk dette med din teleoperatør. Nyttar du trådlaust nettverk (WLAN) er det ingen  kostnader.
 



Skriv ut

 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss