Finansiering
I samband med oppstart av eit føretak er det ofte naudsynt å gjere investeringar. Det kan til dømes vere innkjøp av varer, produksjonsutstyr, maskiner og anna utstyr som trengs i bedrifta over lengre tid.
Ein del av startkapitalen må du vere førebudd på å finansiere med eigne pengar.
Støtte frå fylke og kommune
Det er og høve til å søkje støtte frå det offentlege. Kommunar har ofte næringsfond eller tiltaksfond. Høyr med di kommune om det er mogeleg å søkje støtte hjå dei. På fylkesnivå kan ein søkje om etablerarstipend, eit verkemiddel frå Innovasjon Norge.
Kontakt med banken
Når selskapet er etablert, vil du ha behov for å kontakte oss for å be om lån til ytterlegare investeringar eller drift. I all lånehandsaming vil kundeforhold, betalingsevne og trygd vera viktig. Bak kvart einaste lånetilsagn ligg eit krav om forsvarleg drift og lønsemd. Det er difor viktig at du er godt førebudd når du kontaktar banken.
