Forretningsplan
Å skrive ein forretningsplan kan vere fyrste steg på vegen mot å starte eige firma. Ein forretningsplan er viktig som dokumentasjon i lånesøknader og som eit styringsverktøy på veg mot måla dine.
Her er nokre punkt som bør være med:
Medverkande
Presenter deg sjølv og eventuelle andre eigarar eller tilsette.
Ideen og produktet
Kva skal du drive med? Fortel om bakgrunnen for ideen, kva som gjer den unik, og kva du har å tilby kundane dine.
Organisering
Skal du drive for deg sjølv, eller ha tilsette? Skal du samarbeide med andre, vere underleverandør eller overleve på eigahand?
Marknaden og marknadsstrategi
Kven skal kjøpe det du sel? Har du tal å slå i bordet med? Eit nettverk du kan spele på? Mange konkurrentar, eller åleine på bana? Korleis posisjonere seg? Korleis nå fram til kundane?
Økonomi
Sett opp salsbudsjett, resultatbudsjett og likviditetsbudsjett. Eit budsjett for ei bedrift under stifting vert tenkte tal, men det er viktig å vere realistisk og nøktern både overfor seg sjølv og evt. samarbeidspartnarar. Lat suksess verte ein ekstra bonus.
Finansiering
Det løner seg å vere konkret, spesielt dersom du skal bruke forretningsplanen ved søknadar om lån. Sett opp ei oversikt over nødvendige investeringar, og korleis dei er tenkt finansiert.
Mål
Dei er vanlegvis konkrete: Kor mange tilsette om eitt år, kor stor omsetnad og kor stort resultat. Du og kan godt fortelje om kva for personlege mål du vil realisere, kva for posisjon selskapet ditt skal ha og kven du ynskjer å ha med på laget, enten som tilsette eller som partnarar.
Gjev tillit og truverde
Forretningsplanen kan brukast som ein presentasjon og vil gje potensielle partnarar og kundar eit innblikk i det arbeidet du har gjort før firmaet vart etablert. Det er med på å skape tillit og truverde. Men like viktig er det du sjølv oppnår når du utarbeider planen.
Det dukkar garantert opp ting du ikkje har tenkt på, og som du må finne løysinger på. Kanskje er marknaden større enn du trudde, kanskje du må klare deg på lågare løn, lenger enn du egentleg hadde planlagt. Forretningsplanen hjelper deg å tenkje framover og synleggjer utfordringar som det er lurt å vite om, heller før enn seinare.
Ein god forretningsidè og ei god forretningsplan er ofte grunnlaget.
Du bør diskutere ideen med:
- Mogelege kundar for å avdekke behov
- Framtidige leverandørar
- Dei som kjenner vilkåra for å drive bedrift (td. bedriftseiegarar, næringskonsulentar i kommunen/fylket, banken, advokatar, revisorar, likningskontor)
