Registrere bedrifta
Når du har bestemt deg for selskapsform må bedrifta etablerast. Alle næringsdrivande skal ifylgje Føretaksregisterlova registrerast i Føretaksregisteret.
Unntak: Enkeltmannsføretak som ikkje driv handel ,eller ikkje sysselset meir enn 5 tilsette.
Du må registrere selskapet ditt før næringsverksemda startar. Aksjeselskap og andre selskap med begrensa ansvar skal vere melde til registeret innan tre månader etter at stiftingsdokumenta er underteikna. Skjema for registrering finn du blant anna hos Føretaksregisteret.
Meirverdiavgiftsmanntalet
Alle næringsdrivande med mva.pliktig omsetnad som er over 50.000 kroner i løpet av ein 12 månaders periode, pliktar å registrere seg i meirverdiavgiftsmanntalet. Dette kan gjerast enten til Merverdiavgiftmanntalet ved Fylkesskattekontoret, eller du kan registrerast i Enhetsregisteret i Brønnøysund.
Enhetsregisteret
Det er utarbeidd ein felles blankett for registrering i dette registeret, og tilknytta register. Tilknytta register er:
Arbeidsgjevardelen i Arbeidsgjevar- og Arbeidstakarregisteret, Føretaksregisteret, Fylkesmennene sitt register over stiftingar, Merverdiavgiftsmanntalet og Statistisk Sentralbyrå sitt Bedrifts- og foretaksregister.
Arbeidsgjevar/Arbeidstakarregisteret
Har du allereie registrert firmaet i Enhetsregisteret og orientert om at du har tilsette med plikt til å betale arbeidsgjevaravgift for, vil du automatisk få tilsendt meir informasjon frå Arbeidsgjevar/Arbeidstakarregisteret.
Når du er registrert i dette registeret er du automatisk registrert hjå Kommunekasserar/kemnar.
Likningskontoret
Enkeltmannsføretak og eigarar av ansvarlege selskap skal betale forskotsskatt fire gonger per år ut frå forventa omsetnad. Dei pliktar og å melde frå til likningskontoret i bustadkommunen når inntekta startar. Har du aksjeselskap fins ei eiga sjølvmelding. Skatt skal då betalast etterskotsvis, i fire terminar, året etter inntektsåret.
Arbeidstilsynet
Etablerer du ei verksemd med tilsette, skal bedrifta meldast til Arbeidstilsynet minst ei veke før etablering eller flytting.
Forsikring
Alle arbeidsgjevarar er pliktige til å teikne yrkesskadeforsikring for sine tilsette.
Dokument
Alle firma som er registrert i Enhetsregisteret må ha med organisasjonsnummeret på forretningsdokumenta. Er næringa MVA-pliktig , skal bokstavane MVA føyast etter organisasjonsnummeret på alle salsdokument.
