Val av selskapsform

Før du startar opp bedrifta, må du bestemme selskapsform. Valet er viktig, då det har betydning for skatte- og avgiftsforhold i tillegg til trygderettar. Nedanfor har me tatt for oss dei vanlegaste selskapsformene.

Aksjeselskap

  • Startkapitalen er på minimum 100.000 kroner, og beløpet må vere bekrefta innbetalt før ein kan stifta selskapet
  • Aksjeselskap skal registrerast i Foretaksregisteret, og det er formelle prosedyrer og formkrav for registreringa av selskapet
  • Aksjonærane har i utgangspunktet ikkje personleg gjeldsansvar, og selskapet vert rekna som eigen juridisk eining
  • Talet på aksjar avgjer kor stor innverknad den einskilde har
  • Denne organisasjonsforma passar der ein eller fleire vil etablera eit føretak med begrensa personleg ansvar og risiko og/eller det er forventa større investeringar.

Ansvarleg selskap

  • To eller fleire eigarar som samla eller kvar for seg har eit uavgrensa personleg ansvar for verksemda si gjeld
  • Me skiljer mellom to former; ansvarleg selskap (ANS) som betyr at deltakarane har solidarisk ansvar for selskapet si gjeld, eller selskap med delt ansvar (DA) som betyr at deltakarane har delt ansvaret ut frå eigarandelen.
  • Selskapet må minst bestå av 2 deltakarar, og alle må underteikne ei selskapsavtale der ein har minstekrav til innhald, bl.a. formål og verdi av deltakarane sine innskot
  • Selskapet må registrerast i Føretaksregisteret, men det er ikkje krav til styre eller eigenkapital
  • Denne organisasjonsforma passar for etablerarar som saman etablerer bedrift med små investeringar og liten risiko.


Enkeltmannsføretak

  • Enkeltmannsføretak kan berre startast og eigast av ein person, som er fullt ut økonomisk ansvarleg for selskapet si gjeld
  • Plikt til å til å registrere selskapet i Føretaksregisteret dersom handel med innkjøpte ferdigvarer eller føretaket har meir enn 5 tilsette
  • Ikkje krav til eigenkapital eller styre
  • Denne organisasjonsforma passar der det er små eller ingen investeringar og risikoen er liten.


Skriv ut

 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss