Før du kjem så langt som til å søkje om kreditt hjå oss, er det mange ting som skal på plass. Vekselbanken har difor laga ein ”guide” som kan vere nyttig å fylgje i arbeidet med bedriftsetableringa. Kom gjerne innom vårt kontor for ein prat i samband med etableringa, det kan vere nyttige tips og råd å ta med seg på vegen.
I tillegg har me fylgjande basisprodukt som du som bedriftsetablerar bør vurdere:
Nettbedrift – les meir her
Kontoar
- Bedriftskonto – kontoen for daglege inn- og utbetalingar. Kassekreditt kan knyttast til kontoen
- Skattetrekkskonto – konto for avsetjing av skattetrekksmidlar som etter lova berre kan nyttast til overføring av skattetrekk til Skatteetaten.
Forsikring bedrift
Vekselbanken tilbyr forsikringsprodukt frå Frende forsikring. Obligatorisk Tenestepensjon er lovpålagt for mange bedrifter. I tillegg har me andre produkt innan uføre- og ulukkesforsikring for bedrifter.
Nyttige lenker:
I punkta under finn du nyttige lenker i samband med bedriftsetablering.
- Bedin – God bedriftsinformasjon
- Innovasjon Noreg
- Brønnøysundregisterene
