Forbod mot pengespel
Frå 1. juni 2010 innførte styresmaktene forbod mot pengeoverføring til pengespel som ikkje har norsk løyve.
Lovendringa inneber at det vil være forbode for norske bankar å formidle betaling av innsats til, og gevinster frå speleselskap som ikkje har løyve i Noreg. Frå denne datoen vil derfor alle betalingar som gjeld speleverksemd - og der landkoden ikkje er Noreg - bli avvist. Forbodet mot å formidle betaling av innsats gjeld også for innbetalingar der kort vert brukt, og betyr i praksis at overføring av pengar frå norske bankkundar til utanlandske speleselskap ikkje lenger vil vera mogleg.
Innbetalingar til lovlege, norske speleselskap som Norsk Tipping og Norsk Rikstoto vil ikkje bli påverka av forbodet.
Begrense pengespel og avhengigheit
Hensikta med forbodet er styresmaktene sitt ynskje om å sikre eit regulert og kontrollert tilbod av pengespel, gjennom å avgrense tilgangen til pengespel som ikkje har norsk løyve.
