HMV Maskin AS
Kåre Øvsthus har vore leiar for HMV Maskin i 30 år. Oppstarten i 1979 var beskjeden, med Kåre som den einaste tilsette. Sidan den gong har han med god hjelp styrt og utvikla bedrifta sakte men sikkert fram til det me i dag ser som ei veldreven og moderne bedrift med 13 tilsette og over 48 millionar kroner i omsetjing.
I 1979 var bedrifta dreve i HMV firmaet. Fyrst i 1990 vart HMV Maskin AS utskild som eit eige firma, med lokala som me kjenner i Haugamoen. Då Amfi har planar om utviding av senteret, vart det hausten 2007 beslutta at HMV Maskin AS skulle satse på nybygg på Tvildemoen.
Styreformann Steinar Hjørnevik kan fortelja at det som eigentleg låg bak beslutninga om eit nybygg på Tvildemoen var at bedrifta hadde vokse seg ut av lokala i Haugamoen.
- Me såg Tvildemoen som ein naturleg plass å velje, då ein har tilsvarande bedrifter i nærleiken. Ein opprettheld også nærleiken til sentrum,noko som var avgjerande i valet av Tvildemoen.
Eit 2,100 kvadtarmeter stort og oversiktleg butikklokale er i dag tatt i bruk, og etter ei høgtideleg opning den 3. september har alt gått slag i slag. Kåre kan fortelje at dei har brukt ein del krefter på flytteprosessen. Etter mange år i Haugamoen var det mykje utstyr og saker som skulle flyttast, lokalet skulle tømast og nye varer skulle inn.
I den nye butikken finn du noko for ein kvar smak; verneklede og arbeidstøy, verktøy og skruer, snøscooter, snøfres og ATV, hageutstyr, Tysse-hengar og for ikkje å gløyme traktorar – nye og brukte.
– Me er bevisst på kva me tar inn, det skal vere kvalitet i det me sel. I tillegg er me veldig bevisst på servicenivået som selgjarane yt i butikken. Både entreprenørar og håndtverkarar skal kunne få gode råd om kva produkt dei skal velje og ikkje minst korleis dei skal bruke det. Me skal vera ekspertar på området, og det skal dei handlande, både ekspertbrukarane og privatbrukarane vera sikre på, seier Kåre.
Den typiske kunden til HMV Maskin er nok entreprenøren og handverkaren. Den tidlege åpningstida (07.30) gjer det mogeleg for næringsdrivande å kjøpe inn utstyret dei treng før arbeidsdagen byrjar. Ei anna stor grupper er bønder, og antallet privatpersonar er stadig aukande fortel Kåre.
I tillegg til sjølve butikklokalet rommar den store bygningen på Tvildemoen mykje meir. Her finn me verkstaden, der dei har mekanikarar som reparerar alt frå motorsager til gedigne traktorar.
– Me har kompetanse til å reparere alt det me sel i butikken, seier Kåre.
Bak veggane skjuler det seg og eit delelager, eit kontorlokale og ei hydrolikkavdeling, i tillegg til at du får kjøpt miljøbensin her. Plassen utanfor fungerar som varelager for traktorar og hengarar, og det er og her du kan få byte inn gassflaska di med ei ny.
Så me seier oss einig i utsagnet til styreformann Steinar Hjørnevik: ”viss du skal ha ting og tang, er dette ein god plass å starte”.
Store bilde får du ved å klikke på dei



