Om banken



 

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA er ein sjølvstendig, sprek og oppegåande bank som har drive bankverksemd i meir enn 110 år. I alle desse åra har me vore ein god medspelar på Voss og i dei ikringliggjande bygdene.

Vår strategi ligg fast: Me skal vera framtidsretta med sunn vekst forankra i sjølvstende, soliditet og kvalitet.

Me tilbyr dei banktenester kundar etterspør, og driv verksemda rasjonelt med dyktige medarbeidarar og effektive verktøy.

Med solid eigenkapital, god likviditet og inntening, vil me også framover vera ein god medspelar og støtta opp om ei positiv utvikling i vårt marknadsområde. Me ynskjer å stetta dei krav kundane set til oss, yta god service og vera konkurransedyktige.

Me ynskjer at Vekselbanken skal vera det rette valet for deg som kunde

velkomen til oss!
 

Skriv ut
 
Nettstadskart

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA, Postboks 10, 5701 Voss