Leiarforsikring
Me kan tilby to typer forsikringar for leiarare eller kompanjonger.
Nøkkelpersonforsikring
Dei fleste små- og mellomstore bedrifter har nøkkelpersonar som bedrifta er heilt avhengig av, for å kunne driva den daglege drifta. Skulle ein nøkkelperson falle frå, kan dette vera svært kritisk for ei bedrift. Ei utbetaling frå ein nøkkelpersonforsikring vil kunne rette bedriftas økonomiske tap og auke fleksibiliteten i ein slik situasjon.
- Kan teiknast på personar mellom 15 og 79 år.
- Eingongsutbetalt ved sikredes død i forsikringstida.
- Erstatninga vert utbetalt til bedrifta som er eigar av forsikringsavtalen.
- Forsikringa opphøyrer ved utgangen av kalenderåret sikrede fyller 80 år.
- Utbetaling til bedrifta er skattefri.
Kompanjongforsikring
Kompanjongforsikring kan vera nyttig for bedrift med to eller fleire personar, og som driv ei økonomisk verksemd i lag. Dersom ein av partane skulle falle i frå, kan arvingane løysast ut av kompanjongavtalen, med dei midlane som vert utbetalt frå forsikringa. I tillegg sikrer forsikringa deg eller dine etterlatte, din rettmessige del av bedriftas verdi.
- Kan teiknast på personar mellom 15 og 79 år.
- Eingongsutbetaling ved sikredes død i forsikringstida.
- Forsikringa kryssteiknast, kvar kompanjong vert eigar av avtalen og begge vert sikra.
- Forsikringa opphøyrer ved utgangen av kalenderåret sikrede fyller 80 år.
- Forsikringa vert utbetalt til kompanjongen som eig forsikringa.
- Eingongsutbetalinga er skattefri.
