Terra Forsikring AS har i fleire år lege på topp blant forsikringsselskapa i landet, og vart i vår kåra til det best likte forsikringsselskap av Norsk Kundebarometer.
Vekselbanken har arbeidd grundig med å finna den rette samarbeidspartnaren for å kunna tilby eit godt og fullverdig forsikringsprodukt til kundane våre, og er svært godt nøgde med å ha inngått intensjonsavtale med Terra Forsikring AS.
Terra Forsikring AS tilbyr sine forsikringsløysingar kun via medarbeidarar i samarbeidsbankar. Ei slik distribusjonsform med menneskeleg kontakt om viktige spørsmål støttar opp om Vekselbanken sin filosofi om å vera ein lokal og menneskeorientert bank, og vi er difor svært godt nøgde med å ha funne ein tilbydar med dei same grunnverdiar og haldningar vi sjølv ynskjer å fremja.
Når dei tekniske og praktiske systema er på plass, vil banken i løpet av vinteren 2011 kunna tilby alle typar skadeforsikring for privatkundemarknaden.
Ta gjerne kontakt med oss for ein forsikringsprat.

