Utenlandsbetaling
Skal du betala til utlandet kan du gjera det sjølv i NettBanken / NettBedriften din eller levera betalingsoppdraget til oss.
Bestillingsskjema for manuelle oppdrag finn du her.
I NettBank kan du på ein rask og enkel måte overføre pengar til mottakar i utlandet. Du finn eit eige val ’Betaling til utlandet’ under ’Betaling’.
I NettBedriften finndu betaling til utlandet under 'Betaling - betaling utland'
Ved registrering i NettBanken / NettBedriften vert det brukt ein rettleiande kurs. Reell kurs vert sett når føringa er endeleg. Det kan til tider vera store avvik mellom rettleiande kurs og reell kurs på grunn av svingingar i valutakursane.
Det tek normalt 1 til 4 bankdagar til mottakar sin bank har fått pengane – alt etter kva land pengane vert sendt til. Til meir fjerntliggande land kan overføringstida vera lengre – inntil 15 dagar.
IBAN i kombinasjon med BIC er definert som europeisk standard og skal brukast ved grensekryssande betalingar i Europa.
Det er svært viktig at betalingar til land i Europa har mottakar sitt kontonummer i IBAN-format og BIC-kode til mottakar sin bank. Betalingar utan IBAN og BIC vil verta avvist og returnert, og vil medføra ekstra kostnad.
IBAN = International Bank Account Number - den nye standarden for bankkontonummer som vert brukt i Europa. Antal posisjonar i IBAN varierar frå land til land, men startar alltid med landkoden. IBAN er ein påbygging av eksisterande kontonummer. Eksempel.
BIC = Bank Identifer Code - er banken si unike adresse i SWIFT-adresseregisteret, og vert også kalla SWIFT-adresse. Antal posisjonar er 8 eller 11. (Bokstavar og ev. tal)
For betaling til land i Europa må du ha desse opplysningane:
Avsendar sin konto, namn og adresse
Valutasort og beløp
Namn og adresse til mottakar
IBAN-nummer til mottakar
SWIFT-/BIC-kode, eventuelt namn og adresse til mottakar sin bank
For betaling til resten av verda vil det variere litt kva opplysningar som må brukast, det mest vanlege er:
- BBAN og BIC
- BBAN samt bankkode* og namn
- Enkelte land i Asia og Afrika krev BBAN og BIC saman med banken/filialen sitt fulle namn og adresse.
BBAN = Basic Bank Account Number – er kontonummer i nasjonalt format. Dette vert brukt når IBAN ikkje er innført i mottakarlandet.
I tillegg må du ha:
Avsendar sin konto, namn og adresse
Valutasort og beløp
Mottakar sitt namn og adresse
*Oversikt over nokre av dei landa som brukar bankkode:
Mottakarland Bankkode
Australia AU + 6 siffer
Canada CC + 9 siffer (hvis 8 start med 0)
Sør-Afrika ZA + 6 siffer
USA FW + 9 siffer (når du sender USD til USA, ved annan valuta til USA må BIC brukast)
Rapportering til Valutaregisteret.
Betaling av beløp over NOK 100.000,- eller motverdi i anna valuta skal rapporterast til Toll- og avgiftsdirektoratet (TAD) sitt valutaregister. I NettBanken / NettBedriften må du alltid oppgje kva overføringa gjeld – uansett beløp.
Visa-kort eller MasterCard
Om du kjøper varer på internett kan du betale med Visa-kort eller MasterCard. Viser du varsemd og brukar sikre og seriøse nettstader, er risikoen for svindel like liten som ved varekjøp i butikken.
Betaler du med Visa-kort vert pengane trekt direkte frå konto, med MasterCard mottek du faktura.
Sikker netthandel – Verified by Visa – MasterCard Secure Code - er sikkerheitssystem som gjer netthandel sikrare – ekstra passord. Les meir om Verified by Visa og MasterCard Secure Code
Valutasjekk
Valutasjekk er i dag lite brukt som betalingsmiddel. Har mottakar ikkje oppgitt konto, eller ber spesielt om å få sjekk, kan beløpet sendast på den måten. Ta kontakt med oss dersom sjekk er einaste måten å utføre betalinga på.
Prisar
Sjå vår prisliste.
IBAN og BIC ved overføring frå utlandet.
I Noreg er IBAN ei utbygging av det vanlige 11-sifra kontonummeret. Eit norsk IBAN har i alt 15 posisjonar der:
-posisjon 1-2 er landkode for Noreg (NO)
-posisjon 3-4 er 2 kontrollsiffer (variable)
-posisjon 5-15 er ordinært 11-sifra kontonummer
Til dømes vil eit tenkt kontonummer 9581 12 34567 i IBAN-versjon sjå slik ut:
NO92 9581 1234 567.
IBAN-nr for din konto finn du på kontoutskrifta frå banken – eller du kan generere IBAN-nr her
BIC-kode er: DNBANOKK
(Vi er ikkje eigen valutabank og brukar DnBNOR til denne tenesta og dermed deira BIC/SWIFT-adresse.)
